Hardangerfjord Adventure

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden.

Heile året

Frå 490,-

Heile året
Frå 490,-

Hardangerfjord Adventure

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden. Me tilbyr turar for mindre grupper på førespurnad eller enkeltbestilling på oppsette tidspunkt.

Vinter fjordsafari med RIB og bålkos (2 timar)

RIB-tur frå Øystese inn mellom dei bratte fjellsidene i fjordarmen Fyksesund. Inst i Fyksesundet ligg den vegaluse grenda Botnen der me går i land. Her varmer me oss på bål og deler historiar frå dette gamle samfunnet. Botnen er eitt av dei mest autentiske og verneverdige kulturlandskapa i Hardanger.

Basic fjordsafari (90 min)

Denne RIB-turen går via den gamle handelsstaden Herandsholmen på sørsida av Hardangerfjorden før den går inn mellom dei bratte fjellsidene i Fyksesund og til den veglause grenda Botnen innerst i sundet. Returen går via Kvamsøy som er ei av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden

Spekkhoggarsafari med RIB (1,5 – 2.5 time)

Me tilbyr fjordsafari på Hardangerfjorden med RIB der me speider etter spekkhoggarar på kort varsel (1-2 dager). Normalt kjem desse dyra til Hardangerfjorden midtvinters og er her eit par månader. Dei kan bevege seg over store avstandar på få dagar, så me reiser berre ut når det er sikre observasjonar innan 1 time køyring frå vår base i Øystese (typisk heile Hardangerfjord-bassenget frå Rosendal og innover fjorden, men ikkje heilt inn til Odda).

Pris på turen vil variere kvar gong utifrå kor siste sikre observasjon av dyra var.

Kort fjordsafari (45 min)

Dette er ein kort tur på Hardangerfjorden innom den gamle handelsstaden Herandsholmen og Kvamsøy som er ei av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden.

Fjordsafari og guida topptur på ski (8-10 timar)

Kombinert RIB-tur og topptur på ski til ein av Hardanger sine flottaste toppar.

Frå Oksen har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og utsikt over fire fjordarmar. Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein og sjå både isbreen Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon.

RIB-transport på Hardangerfjorden

Ønskjer du rask og trygg transport over Hardangerfjorden, til eit utgangspunkt for fotturar eller berre ein gjømt plass for å nyte naturen? Me bringer og henter dykk der de måtte ønskje.

Praktisk

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden.

Heile året

Frå 490,-

Kle deg etter vær og årstid.

Prisar

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden.

Heile året

Frå 490,-

Frå 490,-

Kapasitet

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden.

Heile året

Frå 490,-

Maks 12 per båt.

Stad

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden.

Heile året

Frå 490,-

Øystese, oppmøte i hotellresepsjonen.

Passar for

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden.

Heile året

Frå 490,-

Alle.

Bestilling

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden.

Heile året

Frå 490,-

Bestill på Hardangerfjord Adventure sine nettsider.

Romma

Lune rom med utsikt mot fjord og fjell.

Opplev Noreg på sitt vakraste