Julebord i Hardanger
På Vøringfoss Hotel kan du feire avslutninga på året omkransa av fjord og fjell, kjekke opplevingar heile helga, god mat og levande musikk.
På Vøringfoss Hotel kan du feire avslutninga på året omkransa av fjord og fjell, kjekke opplevingar heile helga, god mat og levande musikk.
Maten er tradisjonsrik, handlaga og kortreist. Råvarene kan knapt verta mindre verdsvante før dei vert foredla til deilig julemat på kjøkkenet vårt.
Juleborda på Vøringfoss Hotel har gjennom ei årrekkje samla kollegaer og vener til ei
god avslutning på året. Hjå oss er det maten som er heidersgjesten og me kan by på nydeleg
julemat laga på lokale råvarer og pinnekjøt av Hardangerlam røyka av kjøkkensjefen sjølv.
Kanskje passar det også med ei sidersmaking før middag? Hjarteleg velkomne!
Vakn opp til utsikt over mektig fjord. Vi har både enkle og doble rom med mulighet for utsikt over fjord og fjell.
Turen til Eidfjord er ei oppleving i seg sjølv og slyngar seg kringom fjell og mellom fjord frå Bergen. Vi hjelper deg sjølvsagt med transport til følget ditt.
Overnatting og julebord
Kr 1 795,- per person i dobbeltrom, inkludert overnatting, julebuffet og frukost.
Julebord
Kr 735,- for julebuffet
Lunsj kan bestillast på hotellet.
Send oss ei melding og fortel oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.