Julebord i Hardanger

På Vøringfoss Hotel kan du feire avslutninga på året omkransa av fjord og fjell. Kortreist god mat og levande musikk ligg til rette for ei minnerik avsluttning på 2023. .

Maten

Maten er tradisjonsrik, handlaga og kortreist. Råvarene kan knapt verta mindre verdsvante før dei vert foredla til deilig julemat på kjøkkenet vårt.

  • Julebuffét med varm mat
  • Pinnekjøtt
  • Lutefisk
  • Ribbe
  • Og sjølvsagt mykje deilig tilbehør

Opplevinga

Juleborda på Vøringfoss Hotel har gjennom ei årrekkje samla kollegaer og vener til ei
god avslutning på året. Hjå oss er det maten som er heidersgjesten og me kan by på nydeleg
julemat laga på lokale råvarer og pinnekjøt av Hardangerlam røyka av kjøkkensjefen sjølv.
Kanskje passar det også med ei sidersmaking før middag? Hjarteleg velkomne!

Overnattinga

Vakn opp til utsikt over mektig fjord. Vi har både enkle og doble rom med mulighet for utsikt over fjord og fjell.

Turen

Turen til Eidfjord er ei oppleving i seg sjølv og slyngar seg kringom fjell og mellom fjord frå Bergen. Vi hjelper deg sjølvsagt med transport til følget ditt.

Prisar

Overnatting og julebord

I perioden november 2023 til og med februar 2024 pussar me opp framsideromma våre ved hotellet. Dei blir fantastisk flott og me gler oss til å ta imot overnattende julebordsgjester i 2024. Me tilbyr i hovedsak difor kun julebord til bespisning og dryk i restauranten.

ps: nokre rom har me, ta direkte kontakt med Ole Johnny på ojo@fjordtindhotels.no for info. 

Julebord   

Kr 795,- for julebuffet

Send førespurnad

Send oss ei melding og fortel oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.

[contact-form-7 id=»1649″]

Opplev Noreg på sitt vakraste