Vøringfoss Hotel

By Fjordtind

Meir enn berre ein stad
å overnatte

Vøringfoss Hotel ligg flott til i Eidfjord ved Hardangerfjorden. Hotellet er eit fullservice konferansehotell med moderne utstyr og fasilitetar for opp til 220 personar. Vi står på for å gi deg eit best mogleg opphold og hjelp deg gjerne med å planlegge aktivitetar og turar.

Vøringfoss Hotel er ein del av Fjordtind Hotels.

a-la-carte-quality-hotel-voringfoss-ota

Om hotellet

Vøringfoss Hotel har lange tradisjonar for godt vertskap og smakfulle opplevingar for både kropp og gane. Hotellet slik det framstår i dag vart bygd i 2001, men her har det vore hotelltradisjonar sidan 1889. Det nye hotellet er tufta på same tradisjonar som det opprinnelege, og ligg majestetisk til på bryggekanten i den vesle bygda Eidfjord, omkransa av spektakulære fjelltoppar og djup fjord. Dette gjer at vi trygt kan seie at vi byr på ein historisk og avbalansert atmosfære i naturlege omgjevnader. Resepsjon, restaurant og bar blei totalrenovert i mars 2017.

hotel-voringfoss_4

For deg som er glad i vakker natur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar.

Romma

Lune rom med utsikt mot fjord og fjell.

Opplev Noreg på sitt vakraste