Selskap & bryllaup
Vi sørger for at den store dagen blir uforgløymeleg.
Vi sørger for at den store dagen blir uforgløymeleg.
Vøringfoss Hotel har lokale til både store og små selskap, og hjelper deg med å skape dei perfekte rammene for den store dagen.
Vi serverer kortreist mat laga på ferske, lokale råvarer og har eit vertskap som gjer alt for at selskapet ditt blir perfekt – enten du skal arrangere barnedåp, gjere stas på ein konfirmant eller feire bursdag eller bryllaup.
Vi hjelper deg med arrangementet ditt, enten du ynskjer eit intimt selskap for dei næraste eller storslått fest. Vi er vertskap for arrangementer med opp til 250 gjester, og med fjorden rett utanfor vindauget får du dei perfekte rammene for din neste fest.
Restauranten på Vøringfoss Hotel, Onen, byr på mat og drikke laga på råvarer frå lokale leverandørar. Vi har eigne festmenyar, men skreddersyr sjølvsagt meny og drikke etter ynskje.
Julebordet på Vøringfoss Hotel byr på tradisjonsrik og heimelaga julemat – det kjennest på smaken. Kjøkkensjefen røyker pinnekjøttet sjølv og kan by på deilige rettar som lammerull, okserull, røykelaks og gravlaks.
Drøymer du om di eiga brudeferd i Hardanger? Vi hjelper deg med planlegging og tilrettelegging av drøymebryllupet ditt, enten du vil ha ein storslått festmiddag eller ei intim feriring med dei næraste.
Send oss ei melding og fortell oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.
Lune rom med utsikt mot fjord og fjell.